
Eg seier ikkje at førestellinga var dårleg, berre ikkje like morosam som eg trudde ho skulle vere. Anten har eg ein rar form for humor, eller så er ikkje Are Kalvø så fantastisk morosam som alle skal ha det til. Eg vel å tru det er ein blanding av begge delar. Nokre av vitsane hans lo eg høgt av, mens av andre drog eg berre så vidt på smilebandet.
Mannen har vore/er tydelegvis ein forfattar, radiokåsør og stand-up komikar, eller som han sjølv kallar yrket sitt: «tull og tøys». Dette yrket gav han oss ein smakebit av under førestellinga. Meir av innhaldet er det vanskeleg å forklare for dei som ikkje fekk sett ho.
Det at førestellinga berre var «tull og tøys» er heilt sikkert. Are Kalvø fortalte blant anna ein vits om korleis han skriv på nynorsk fordi det får han til å verke smartare, og at han eigentleg kjem frå Tønsberg. Etter å ha hørt mannen prate i ca. 60 min med ein dialekt som minner om alt anna enn korleis dei pratar i Tønsberg, måtte eg sjølvsagt google han for å sjekke om dette stemde. Det gjorde det altså ikkje. Are Kalvø er frå Møre og Romsdal folkens.
Men alt i alt så var det ein morosam førestelling og god bruk av skoletida. Det var flott med eit avbrekk frå historia, som vi elles ikkje har noko pausar i. Denne timen forkorta dagen monaleg, sjølv om dagen er veldig kort frå før av. Med andre ord gjekk skuledagen i dag svært fort, og Are Kalvø var ein av grunnene til det.