onsdag 26. august 2009

Are Kalvø - Noregs 57. mest morosame mann

Are Kalvø var på Sandvika vgs. I dag. I historietimen. Kunne dagen ha blitt noko betre? For det fyrste startar onsdagar ein halvtime seinare enn dei andre dagane i veka. For det andre er onsdagar dagen eg sluttar tidlegast på skulen. Så da eg hørte at vi i tillegg skulle miste ein heil klokketime av historia, blei eg ikkje noko anna enn lykkeleg.

Dessverre hadde Are Kalvø hatt ein førestelling allereie halv 9, mens ho eg så starta klokka halv 11. I tida mellom førestellingane rakk vi å høre at ho skulle vere veldig bra. Dette økte forventninga mine, og eg blei derfor litt skuffa etter førestellinga da ho ikkje levde opp til dei.


Eg seier ikkje at førestellinga var dårleg, berre ikkje like morosam som eg trudde ho skulle vere. Anten har eg ein rar form for humor, eller så er ikkje Are Kalvø så fantastisk morosam som alle skal ha det til. Eg vel å tru det er ein blanding av begge delar. Nokre av vitsane hans lo eg høgt av, mens av andre drog eg berre så vidt på smilebandet.


Mannen har vore/er tydelegvis ein forfattar, radiokåsør og stand-up komikar, eller som han sjølv kallar yrket sitt: «tull og tøys». Dette yrket gav han oss ein smakebit av under førestellinga. Meir av innhaldet er det vanskeleg å forklare for dei som ikkje fekk sett ho.


Det at førestellinga berre var «tull og tøys» er heilt sikkert. Are Kalvø fortalte blant anna ein vits om korleis han skriv på nynorsk fordi det får han til å verke smartare, og at han eigentleg kjem frå Tønsberg. Etter å ha hørt mannen prate i ca. 60 min med ein dialekt som minner om alt anna enn korleis dei pratar i Tønsberg, måtte eg sjølvsagt google han for å sjekke om dette stemde. Det gjorde det altså ikkje. Are Kalvø er frå Møre og Romsdal folkens.


Men alt i alt så var det ein morosam førestelling og god bruk av skoletida. Det var flott med eit avbrekk frå historia, som vi elles ikkje har noko pausar i. Denne timen forkorta dagen monaleg, sjølv om dagen er veldig kort frå før av. Med andre ord gjekk skuledagen i dag svært fort, og Are Kalvø var ein av grunnene til det.

mandag 24. august 2009

Friheten måtte en gang ta slutt


Det ser ut som "inntil videre" har ankommet. Med ett års pause har vi blitt bedt om å ta opp bloggingen igjen. Dessverre har ikke holdningen min til blogging forandret seg stort. Det å sitte og tvinge fram ord og meninger om forskjellige temaer er ikke noe jeg gleder meg spesielt til.


Oppdateringer siden sist:

Jeg har fått meg en ny venn. Hun heter Ida Marie Gildestad, og hun hadde heller ingen andre venner før vi møtte hverandre. Så det var ekte kjærlighet ved første blikk. Ellers har det ikke skjedd noe annet. Ikke at noen andre enn Ida Marie følger med på bloggen min uansett, så det er vel strengt tatt lite nødvendig med dette avsnittet.


Samtidig håper jeg får flere følgere med på bloggen etterhvert som innleggene mine blir enda mer fantastiske.

Dette er min nye venn Ida Marie