
Henrik Ibsen (1828-1906) tok opp tema som i opplysningstida var ganske omstridd og tabubelagt. Ibsen sine stykker tok opp individet sin rett til å vere seg sjølv, samtidig som dei krtiserte samfunnet sine fordommar. Tabubelagte tema han tok opp var incest, aktiv dødshjelp og ekteskap.
August Strindberg (1849-1912) var godt orientert om nyare vitenskap og blei ein talsmann for darwinismen. I ein periode kritiserte han sterkt religion. Elles hadde han også eit delt syn på kvinner. Han kjempa for kvinner sin menneskerett til å stemme, samtidig som han hadde eit svært anstrengt forhold til dei.
Amalie Skram (1846-1905) sitt forfattarskap er det meist typisk naturlaistiske i norsk litteratur. Skram var oppteken av kjærleiken sine kår, og da spesielt om kvinner som ikkje finn seg til rette i ekteskapet deira og kvinnene sin sviktande evne til å elske. Skram blei tatt dårleg imot i Norge. Derfor valde ho å kalle seg dansk fordi mannen hennar kom fra Danmark og budde store delar av livet sitt der.
Kjelder:
- A. Jamisko m.fl.: SPENN- Norsk for studieførebuande utdanningsprogram VG3, Cappelen 2008
- Bildet er tatt fra http://www.flickrcc.bluemountains.net/
1 kommentar:
Du skriver bra, og du har forstått noe ikke jeg har skjønt, hvordan man lager linker. ( da jeg trykket på Amalie Skram feks, så kom jeg rett til en nettside :P) Kul Blogg.
Legg inn en kommentar