søndag 7. mars 2010

Handgranateple


Sidan eg ikkje lesar så mange nynorske bøker, tenkte eg å berre skrive om ho siste eg har lest (sjølv om eg ikkje fann ho noko bra). Boka heiter «Handgranateple» og er skrive av Ingelin Røssland. Boka handlar om Anja som skal begynne på det fyrste året på vidaregåande skule og flytter inn til byen for å vere nærmare skulen. Ho har berre ein ven og har alltid vore keisam og gjort det som har vore forventa av henne. Men så blir ho venn med Malin, som har rykte på seg for å vere narkoman og banke opp folk. Då får ho plutseleg oppleve korleis det er å drikke alkohol og å vere «kul».

For min del er det handlinga som øydelegger romanen. Han er bra skrive og lett å lese, men eg trur eg ikkje er i målgruppa til denne boka. Det var bibliotekaren som anbefalte meg boka, og eg har sterke mistankar om at ho trudde eg gjekk i fyrste klasse eller noko då ho anbefalte meg ho. Eg klarar ikkje å relatere meg sjølv til noko som helst i handlinga, og sjølv om boka har ei ganske seriøs handling tok eg meg sjølv i å le fleire gonger av kor latterlege personane i boka oppførte seg. Enten var personane narkomane elles så fekk dei sjokk berre av å høyre folk si ordet «faen». Så ja, eg vil ikkje anbefale denne boka til nokon på vår alder eigentleg. Eg føler (og håpar) at alle på vår alder har komme over denne åtferda for lenge sida.

1 kommentar:

Marianne Hermansen sa...

ahaha mærl veit plutseleg korleis det er å vere "kul"