mandag 8. februar 2010

Val av sjanger på nynorsk

Denne våren har vi fått i oppgåve å velje ut to sjangrar som eg skal «spisse kompetansen» min i. Men eg er veldig usikker på kva for sjangrar eg skal velje, fordi eg ikkje har nokon spesiell sjanger eg gjer det betre i enn eg gjer det i dei andre.

Derfor har eg valt å ha artikkel som den fyrste sjangeren min, mest på grunn av at dette er ein ganske trygg sjanger. Artikkelen var ein av de fyrste sjangrane eg lærte å skrive. Eg likar også å skrive artiklar fordi då slepper ein til dømes å drøfte/ analysere/ tolke ulike ting frå ein tekst man har lest.

Den andre sjangeren eg har valt er kåseri. Eg har eigentleg aldri skrive eit kåseri før, men med ei viss oppmuntring frå norsklæraren min tenkte eg at eg skulle prøve meg på det. Eg håper for mi eiga skuld at eg er eit naturtalent, men reknar med at eg kjem til å merke det ganske fort viss det ikkje er noko for meg. Då kan eg i så fall heller berre bytte sjanger.

Linken til mitt fyrste innlegg:

http://malinkarlsen.blogspot.com/2010/01/valg-av-sjanger.html

Ingen kommentarer: